REGNCON XXXIV
Grand Hotel Terminus, Bergen, 2.– 4. oktober, 2026
Kva er Regncon?
Spelforeninga Regncon vart stifta som ein demokratisk medlemsorganisasjon i 1991.
Vår hovudaktivitet er å arrangera den årlege spelfestivalen Regncon, den bergenske festivalen for rollespel, brettspel, kortspel, miniatyrspel, cosplay og meir.
Styret består i 2026 av Simen de Lange, Grethe Cirashrii Just-Olsen, Emil Marholm Ask, og Thea Christina Saltnes Ramsøy.
Program og info
Programmet finn du på program.regncon.no. I forkant av festivalen kan du der også melda interesse for spel.
Sjå også praktisk info, kjørereglar og ofte stilte spørsmål.
Tid og stad
I 2026 vert Regncon arrangert på Grand Hotel Terminus i Bergen, 2.–4. oktober.
Lurer du på kor det er? Eit steinkast frå jernbanestasjonen. Framleis usikker? Open Street Map har svaret.
Me er på Discord
Nokre hugsar kanskje dei dagane då Regncon hadde eit eige BBS-forum. Andre lurer fælt på kva BBS er, men uansett har me ikkje lenger det. Og Facebook har ikkje heilt den same sjarmen (sjølv om me er med der også).
Så me forsøker oss på Discord — post memer, arranger digitale rollespeløkter, diskuter kva spel som eigentleg er det beste, eller berre slå av ein prat.
Takk til våre støttespelarar:
Driv du med tipping eller lotto? Tenk gjerne på Regncon når du skal velja kor grasrotandelen din går!






