Praktisk info
Velkomen til Regncon 2025. I 2025 vert Regncon arrangert på Grand Hotel Terminus i Bergen, 10. – 12. oktober. Lurer du på kor det er? Eit steinkast frå jernbanestasjonen. Framleis usikker? Open Street Map har svaret.
– For dei av dykk som har booka rom på hotellet er det innsjekk i resepsjonen frå klokka 15.00. Til sjølve connet har me eigen innsjekk frå klokka 16.00.
– Fyrste pulje startar fredag 18.00, og kvar pulje startar med opprop. Me tilrår at du kjem til hotellet seinast 17.30, slik at du rekk å sjekka inn i god tid.
– Utover resten av connet tilrår me at du er klar til gøy og moro seinast 10 minutt før opprop til kvar pulje.
– Me stenger påmelding til puljene 1,5t før puljestart. Dette er for å gje oss tid til å fordela alle på spel og prøva å unngå forsinkelsar. Om du ikkje rakk å melda deg på ei pulje, kan du anten kosa deg i brettspelbaren eller håpa at det er nokre ledige plassar etter opprop.
– Laurdag blir det ein lengre pause frå klokka 15.00-18.00. Pausen gjeld oppsatte spel; brettspelbar og stands er tilgjengeleg også i denne perioden. Me anbefaler å bruka tida på å få i seg noko mat og drikke, og gjerne litt frisk luft. Me gjer merksam på at medbrakt mat og drikke ikkje er tillatt på hotellet sine møterom / festivalen sine fellesareal.
– For dei som har meldt seg på fellesmiddagen, så startar denne klokka 16:30.
Me har også ei liste med kjørereglar for connet, som det er fint om de gjer dykk kjent med på førehand.
Har du spørsmål? Her er nokre vanlege spørsmål og svar.
