Spør personane det gjeld om det er greitt at du tek bilete av dei, før du tek bilete.
Ikkje alle liker fysisk kontakt, spør difor på førehand. Aksepter svaret du får.
Usikker på nokon sitt pronomen? Spør dei. Og respekter alle sitt pronomen.
Ver forsiktig med andre sine eigendelar og cosplay.
Hugs på at det er andre gjestar på hotellet enn oss. Vis omsyn.
Har forståing for at nokre kanskje prøver rollespel for fyrste gang. Hugs at du sjølv har vore ny ein gong.
Me elsker inkludering, så inviter gjerne folk med på spel og samtaler.
Rekvisittar som ser ut som ekte skytevåpen eller sprengstoff er ikkje lov.
Stavar, sverd, klubber og liknande kan ikkje vera laga i materialer som kan skada andre (tre, metall, o.l).
Medbrakte ekte våpen vil bli politianmeldt.
Illegale rusmiddel er like ulovlege på Regncon som alle andre stader. Hugs også på at Regncon er ein festival for både vaksne og born, ikkje drikk alkohol når du speler saman med mindreårige og utvis alkovett!