Vanlege spørsmål

SpørsmålSvar
Korleis melder eg meg på puljer?Puljepåmelding skjer via program.regncon.no. Du loggar på med same epost som du kjøpte billett med, deretter set du interesse på dei forskjellige spela / puljene du kunne tenkja deg å delta på.
Kva betyr det å melda interesse på eit spel?På Regncon har me ikkje ‘’førstemann til mølla’’ når det gjeld deltaking på spel. De melder kor interesserte de er, og så vil me i styret fordela dykk på spel. På denne måten sørger me for at alle får spela minst eitt spel dei er veldig interessert i, og me kan setja saman spelgrupper basert på kven me tru (eller i nokre tilfeller veit) spelar godt saman. Dersom eit spel har fleire grupper kan me til dømes fordela litt etter alder, slik at dei yngste får spela saman med andre på sin eigen alder.
Kvifor er det opprop ved starten av kvar pulje?Dette vert gjort slik at du får vita kva spel du har fått tildelt plass på, og kva rom dette spelet skal gå føre seg i. Ved fråfall vil det då verta ledige plassar, og det vil vera moglegheit for folk å byta spel, eller få ein plass som dei ikkje rakk å melda interesse til.
Må eg møte opp på oppropa?Ja! Elles kan du risikera å mista plassen din, og det er veldig leit. Gje gjerne beskjed til en ven om du ikkje rekk opprop pga. f.eks. akutt dobesøk. Då kan venen din seia i frå om at du skal delta likevel.  
Varer eit spel heile pulja?Dei fleste spela varer heile pulja, men det kan vera unntak, f.eks. kan Blood on the Clocktower ta langt kortare tid, og kan dermed lett kombinerast med ein tur i brettspelbaren.
Må eg ha med eigne karakterar til rollespel?I dei fleste rollespela vert det utlevert ferdiglaga karakterar. Det kan også hende at ein startar spelet med å laga karakter, i spel der dette går raskt.
Eg har meldt meg på middagen. Vil eg gå glipp av noko spel då?Nei, middagen er lagt opp for å passa med puljene.
Eg har ikkje meldt meg på middagen. Kva skal eg eta?Årets festival går føre seg i Bergen sentrum, så det er rikeleg med stader å få tak på ein matbit i nærleiken.
Eg har problem med puljepåmelding.Prøv å byta nettlesar (Chrome fungerer bra). Om du framleis har problem, gje oss ein lyd.