Vi har no opna puljepåmeldinga til Regncon XXXI (2023), som går av stabelen i Bergen 6. – 8. oktober 2023. Vil du arrangera eit spel på Regncon? Vi er takknemlege for alle som stiller opp, anten det er med brettspel, kortspel, rollespel eller anna.
Bruk Google-skjemaet til høgre (eller under, på mobil) for å melda deg på. Fungerer det ikkje? Gå direkte til skjemaet.
Har du ein eigenskriven modul? Då kan du også bli med på modulkonkurranse, og vinne både hotellopphald under RegnCon og gåvekort.
Konkurransereglane finn du på ei eiga side.
Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med RegnCon-styret på regncon@gmail.com.