Konkurranse!
Regncon treng rollespelmodular, og med det meiner me skriftlege modular som vi kan lagra for framtidig gjenbruk slik at det lettar arbeidet i innspurten mot framtidige festivalar. Vi veit at vi har mange gode modulforfattarar blant både faste og besøkande arrangørar, og vi håper at de har lyst til å bidra i konkurransen vår!
Regnconstyret oppnevner ein fagjury for å bedøma modulane, og dei beste modulane vert premiert med gavekort frå Outland.
Bidrag skal sendast til regncon@gmail.com.
Reglar for deltaking i konkurransen
- Modulane må leverast skriftleg og innan tidsfristen 10. september 2025.
- Leverer du ein modul innan 15. august 2025 blir du med i trekninga om eit gåvekort på 1000 kroner og festmiddag på laurdagen under Regncon. I tillegg premierer vi dei beste modulane under sjølve Regncon.
- Modulforfattaren forplikter seg til å køyra modulen på Regncon XXXIII (i særtilfelle kan det godtakast unntak frå denne regelen)
- Modulen må kunna spelast av 4 eller fleire spelarar, og må vare i omtrent 4-5 timar.
- Modulen må vera forståeleg og lett å setje seg inn for «pick-up-and-play», karakterark skal være ferdige og forhåndsutfylt
- Du kan levera ein modul til eit etablert regelsystem eller til eit heimelaga system. Dersom du ynskjer å bruka eit heimelaga system må systemet vera godt skildra og lett forståeleg.
- Modular kan leverast både på norsk og engelsk og må leverast i eit digitalt universelt tilgjengeleg format (til dømes PDF)
- Modulen skal vera eit eigenprodusert originalverk. Modulforfattaren har rettigheitene til modulen, men godtek at den kan brukast i Regncon-samanheng, også av andre. Bruk utanom Regncon kan berre skje med tillatelse frå modulforfattar.
Treng du eit veldig enkelt regelsystem å bruka? RegnCon sitt eige rollespelsystem Steins D6 kan vere godt eigna, særleg til humoristiske modular.
