
Du kan no kjøpa billett til Vestlandets heftigaste, kjekkaste og eldste spelfestival. I år går Regncon av stabelen 6. – 8. oktober på Scandic Flesland Airport.
Dersom du ikkje er ein fattig student, men ein rik krøsus, kan du velja å kjøpa Festivalpass PLUSS. Det er billetten for deg som ynskjer å sponsa Regncon litt, slik at vi kan laga festivalen år etter år. Klikk under, eller gå direkte til Checkin for å kjøpe billett. Er du på mobil, er det gjerne det siste som fungerer best.
Vil du også ha hotellrom? Når du har kjøpt billett får du ei rabattkode du kan bruka for å få rabatt på rom på festivalhotellet.
OBS: Tradisjonen tru vil det vera fellesmiddag på laurdagen. Middagen vert anten ein treretters middag eller ein buffet, basert på kor mange me blir. Drikke kjøper du sjølv på hotellet. Menyen vert satt av hotellet kort tid før. Dersom du vil delta på denne middagen, må du kjøpa middagsbillett innan 17. september.
Vil du ha vegetarmat eller har du allergiar eller liknande? Send oss også ein e-post på regncon@gmail.com med «Middag» i emnefeltet.